lørdag 18. august 2018

Ella cardigan til meg sjølv

På slutten av sommaren fann eg ut at eg ville strikke noko til meg sjølv.  Eg har fleipa med at eg og dottera har hatt same hobby, nemleg å strikke til henne.
 
Jakka mi er strikka ovanfrå og ned.  Eg gjorde to tilpassingar, nemleg innsving og sidd.  Sidan jakka er strikka ovanfrp og ned, tok eg på meg blusen og jakka som eg strikka på og strikka den litt sidare enn blusen. Innsvinginga viser ikkje så godt på bildet, men eg synest den gjer seg.
 
Garnet er alpakka/ull frå Sandnes, og jakka er strikka på pinnar nummer 4,5.
 
No skal eg legge siste hand på verket på bølgegenseren som Olaug har strikka.  Eg kunne ikkje rettleie henne frå Italia.
 

3 kommentarer:

  1. Fint at jakka er litt sidare enn blusen. Ikkje så fint når jakka blir for kort. Du forstår sikkert kva eg mener.

    SvarSlett
  2. Eg liker eigentleg ikkje å strikke ovanfrå og ned, men tilpassinga vert lettare.

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...