onsdag 20. juni 2018

Gratulerer Margrete 50 år!

 
I dag fyller lisjesysta 50 år!  Gratulerer! Vi vert meir jamgamle for kvart år!

Denne veka har eg vore på overnattingstur frå måndag til tysdag, og i dag har heile dagen vore fylt med avslutningsfest.  Eg opplever at mange er veldig flinke med gode ord. 

Eg kunne ha sagt og skrive mykje om systera mi.  I kveld får eg avgrense det til å seie at eg set stor pris på henne.  Ho har vore ei god støtte i ei vanskeleg tid.  Det er godt at vi tenker likt om viktige ting.

Bildet er frå i fjor.  I år har eg vore oppteken med strikking av herregenserar, så det vert inga kofte, men det kan no hende eg har spekulert ut noko anna... Det vil vise seg når vi møtast etter første ferietur.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...