mandag 25. juni 2018

25. juni

I dag har vi feira Birte sin 23-årsdag på førehand.  Det var ei kjekk samling på Leikong hos mormora og morfaren hennar.  de kan lese meir om det og sjå fleire bilde på Besta sin blogg.

Elles starta eg dagen med handlerunde klokka til.  Eg hadde kniven på strupen når det gjeld å finne meg kjole til avslutningsfesten på Krigsskulen.  Eg trur det er første gong eg har fått ein invitasjon med kleskode, i dette tilfellet "pent".  Eg fann to kjolar eg likte.  Ei stund var eg inne på å kjøpe begge to.  Men til slutt gjekk eg for den eg var sikker på at søstera mi ikkje har. Den var uansett heilt hennar stil.

Med kjolen i boks, hadde eg berre aksessoarar att.  Eg kika både i Ulsteinvik og i Ørsta.  No har eg både svarte sko og svart veske, så om eg skulle kjøpe noko, må det vere finare enn det eg har. Noko finare smykke enn det ekte perlekjedet mitt, er ikkje aktuelt å kjøpe... Der var eit par Gabor sko eg likte godt, men dei var utselde i min storleik.

I Ørsta plukka eg opp mamma, så fekk vi unna ein del ærend. I tillegg fekk eg lære kvar målarbutikken og Felleskjøpet i Ørsta er.

I morgon set vi nasen sørover med første stopp Lillehammer.  Det er heldigvis meldt flott ver!

1 kommentar:

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...