lørdag 13. januar 2018

Flettegenser i Alpakka

Olaug kom heim ei veke før jul, og så reiste ho ei veke etter jul. Det gav meg tid til å strikke henne ein genser.  Eg hadde sett ut både garn og mønster før ho kom, men eg ville ha godkjenning før eg sette i gang. genseren er strikka i Sandnes alpakka på pinnar 3,5.

Mønsteret er i #Strikk av Ellen Wessel.  Der er mange fine modellar som dei unge damene i familien liker. Boka berre grabba eg med meg ein gong eg var på biblioteket etter lydbøker.  Eg tek gjerne med meg kokebøker og strikkebøker for å bla i.

2 kommentarer:

  1. Olaug sin genser er veldig fin. Eg har lyst å strikke ein einsfarga genser til meg sjølv-men den må vere opp i halsen.

    SvarSlett
  2. Eg er ikkje så glad i hals, men strikkar lause halsar til dei som vil ha det. Øystein vil ha ein genser med hals. Alle får det som dei vil ;-)

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...