mandag 15. januar 2018

Flystrikk

Fredag til laurdag skal eg ein snartur til Oslo.  Der er møte i LMHS. Eg plar seie at eg aldri kjedar meg.  Det er alltid noko å finne på, og tida strekk ikkje til alt eg har lyst å gjere.  Men å sitte to timar på Vigra kan vere ein prøvelse.  Når eg skal rekke båtar, fly og tog, er eg halvstressa.  Då hjelper det å strikke.

Eg har bestrilt garn til Baalsrudgenseren til mannen.  Fredag fekk eg melding om pakke, men då kom berre nokre knappar, og garnet stod i restordre.  Heretter skal eg handle med nettbutikkar der det står "på lager"/"utsolgt".  I helga har eg ikkje hatt noko strikketøy på gang.  Då eg snakka med dottera i går kveld, fekk ho lov å ønske seg noko.  Kravet var at eg berre skal strikke rundt og rundt på ein bol på den komande turen.

Valet fall på ein genser i Mer bystrikk.  Då eg kom på Trådkråa i dag, fekk eg vite at dei var utselde for garnet Soul som står i oppskrifta. Garnet har lagt lenge i butikken for no å bli rive vekk.

I fjor strikka eg ein genser til Birte på same pinnar som i oppskrifta.  Valet fall derfor på tynn alpakka og Faerytale.  Alpakkaen er litt melert.  Eg trur det skal bli bra!  No har eg strikka brotet framme, og har god tid på å strikke brotet bak.  Ja, eg rekk nok å strikke litt på ermane og!

2 kommentarer:

  1. Ja det er veldig greit å ha noe mellom fingrene
    når en må sitte å vente.
    God tur , og kos deg med strikketøyet 😊

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...