onsdag 22. mars 2017

Saragenser

Då eg var på strikkekafé i vinterferien, kjøpte eg boka Bystrikk og garn til Saragenseren.  Frøkna hadde sett den på Instagram i desse fargane.  Eigentleg liker eg å halde på med berre eitt prosjekt om gongen, men eg måtte vente på garn til ermane på den andre genseren.  Og då eg først var i gang med Saragenser på pinnar 5,5, ja, så gjekk det heller fort.  No har eg levert genseren til kjærasten slik at han tek den med seg til Bergen på fredag.

Der er mykje fint og lettstrikka i denne boka.  Men eg er ikkje samd med forfattaren at det er lettare med oppskrifter som "fell 22 masker på denne omgangen" enn å strikke etter diagram - om de forstår kva eg meiner.

2 kommentarer:

  1. Fin og deilig gensar !
    Eg strikka den til meg sjølv, men synest den er litt
    "flæsen" i halsen, sjølv om eg strikka lenger enn oppskrifta.
    Det er vel ei vanesak.
    God helg !

    SvarSlett
  2. Eg skal innrømme at eg og strikka den lirr lenger og tok opp fellinga ein gong før eg var fornøgd.
    I alle fall lurt å strikke genserar rette vegen!

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...