mandag 1. januar 2018

Blogging 2018

Mitt første blogginnlegg skreiv eg 8. september 2007. Eg ser at det var Olaug, 10 år den gongen, som hjelpte meg i gang. Sidan det har eg blogga om stort og smått, gjerne kvar dag.  Det siste året har det av ulike årsaker vorte færre blogginnlegg. Eg kjenner likevel at eg ikkje har lyst til å slutte heilt.  Om eg har mindre å melde, får eg heller legge ut saker sjeldnare. Eitt alternativ er å legge ut meir om små kvardagslege hendingar og små refleksjonar ein gjer seg.
Ei oppdaging eg gjorde i går, var at eg faktisk aldri før har sett eit skikkeleg fyrverkeri!  Det vart oppskote eit skikkeleg kommunalt fyrverkeri på moloen av ein pyroteknikar.  Ein følte at fyrverkeriet la seg på himmelen over ein. Fleire enn eg vart nok positivt innstilte til tiltaket.  
Tidlegare år har eg og skrive bloggerklæringar.  Det går an å gå inn på 2016 og klikke seg bakover.
Eg har ikkje begynt å legge ut julegåvene mine i år.  Så har eg tema nokre dagar framover ... Løparen, lysa og serviettane låg under juletreet. Folk ser nok at eg er glad i å pynte bord.
Eg synest ein kan nytte alle høve til å dekk på med serviettar.  Ser eg ein serviettpakke på sal, er sjansen stor for at han dett ned i handlekorga mi. Så har eg noko å velje i.
I 2018 vil eg også legge ut kva bøker eg har lese.  Det kan ikkje kallast bokmeldingar.  Eg det eg finn som "reklame" for bøkene, og så seier eg kort mi eiga meining.  Om eg lurer på om eg har lese ein roman, kan eg berre søke det opp på bloggen.  Så får eg sjå om det vert kåring av årets roman ein av dei komande dagane.

Elles får eg håpe på mange fine turar i 2018, både i nærmiljø og anna. Det hender og eg har fine naturopplevingar på veg til jobb.

Om vinteren er det ikkje så mykje å skrive om hagen, men kanskje det kan dukke opp ein plante eller to av og til?

Av og til går det an å legge ut bilde frå jobb,utan elevar ,så de kan få sjå litt av yrkeslivet mitt.  Men jobben vert nok stort sett halden utanfor bloggen. Kjem eg over gode oppskrifter frå skulekjøkenet, lovar eg å dele dei med blogglesarane.

Den kjæraste hobbyen min dei siste åra har vore strikkinga.  Det er kjekt å lage ting samtidig som ein kan sitte og slappe av og la tankane flyge.  I tillegg er det ein fin måte å halde seg vaken på.  I kveld ser eg fram til "Broen"på NRK.

Tidlegare handla bloggen mykje om familien.  Det har vore ulike grunnar til at eg ikkje vil, og dei ikkje vil at eg skal, legge ut for mykje privat. Dagbokformatet har eg gått meir og meir vekk ifrå.  Det gjeld nok mange.  Men eg er glad for at mor mi held oss , slekt og naboar orienterte om korleis dei har det på sin blogg.

Vegen vil verte til medan ein går, heter det, og slik vert det garantert med blogginga i 2018.

Godt nytt bloggår!



5 kommentarer:

  1. Godt du vil fortsette med blogginga.
    Du skriv interessant synest eg, og eg ser du har ein plan.
    Eg slit med å finne noko å skrive om, men har ikkje heilt lyst til å slutte heller.
    Eg vart inspirert då eg snakke med ei dame som sa at ho er innom bloggen min kvar dag...då tenkte eg at jammen må eg ta meg sjølv i»raua og nakkjen» og skjerpe meg.
    .

    SvarSlett
  2. Kjekt at du held fram med blogg! Eg er fast lesar, om eg ikkje er så flink å kommentere. For meg er det meir eit tiltak å lage innlegg no. Eg er ikkje blitt fortruleg med posting via mobil eller nettbrett,og den stasjonære står på loftet..så er det instagram som er mest lettvint. Men eg hugsar med glede tilbake på dei første spanande åra.

    SvarSlett
  3. Kjekt med positive tilbakemeldingar! Eg les begge sine bloggar med interesse.
    Eg trur ein ikkje får tenke så stort?

    SvarSlett
  4. Eg likar at du skriv om mat og gir oss oppskrifter. Å sjå strikkeprosjekta dine er også kjekt.

    Helsing Klipra

    SvarSlett
  5. Det vert garantert fleire strikkeplagg framover!

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...