fredag 14. april 2017

I fjellform?

 I går såg vi at det var meldt fint ver i dag.  Eg følte trang til å kome meg ut og gjerne gå ein fjelltur.  Håbakknotten må no vere ein fin start?  Mannen møtte mange kjende som han vart ståande og prate med, så eg fekk gå heilt i mitt eige tempo.  dermed var eg ikkje særleg gåen då vi var komne opp.
 Han ville gå på Holstadhornet og Skafjellet, så eg vart med han eit stykke oppover og bortover fjellsida til vi trefte på råsa som går ned på Gjerde.
Turen min tok litt i underkant av to timar.  Men den gav ikkje særleg mange steg på mobiltelefonen.  Midt oppe i bakkane fann eg på å seie "ja" til ei oppdatering.  Den kravde opplåsing av SIM-kort... No har ikkje eg vore ute og reist sidan eg fekk ny mobiltelefon, så den koden hadde eg ikkje pugga. Men eg visste heldigvis kvar den låg gøymd.  Og eg kom meg trygt heim att utan.
 Og no trur eg koden er lagra i hukommelsen.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...