onsdag 24. august 2016

24.august

 
 
Så har vi kome til midt i veka i første skuleveka. Eg trur det vert eit godt år!
 
Måndag var det ny folkerøysting om kommunesamanslåing her i bygda.  Eg plar ikkje gå ut med politiske meiningar på nett, men denne gongen har andre familiemedlemer sagt og skrive sitt. Om vi er ueinige i andre saker, så står vi saman her.  Resultatet var vi godt nøgde med. Eg var mest glad for at det vart så tydeleg. Berre 40% ville slå seg saman med Ulsteinvik.
 
I går greidde eg å legge att mobilen på jobb, så det vart ikkje tatt bilde på den flotte fjellturen vi var på i Ulsteinfjella. tysdagsturen vart ekstra lang.

Dagens bilde får illustrere den nye kvardagen. Eg har ikkje brukt kupongane enno.  I sommar var det ei i køen på butikken som utbraut: "Kva slags familie er det ho der handlar inn til?".  For å ikkje halde fram å handle inn til heile storfamilien, har eg bestemt meg for å handle mat torsdagane med eventuelt litt påfyll måndag og/eller laurdag, alt etter om vi får besøk eller ikkje.

3 kommentarer:

  1. Ja, kvardagen har innhenta oss. Eg og har tenkt å innskrenke handlinga til torsdagen.
    Eg har problem med bloggen din på ipad, eg ser berre noko borti venstre hjørne. No sit eg på pc. Er det andre som har same greia?

    SvarSlett
  2. Ja, der er eit bilde frå ein annan blogg som tek all plass. Eg må berre utvide på Pad-en med to fingrar.

    SvarSlett
  3. Me er einige, eg vil heller ikkje ha kommunesamanslåing.
    Coopkupongane blir berre oppatt og oppatt her i huset,
    knekkebrød og reven ost kvar gong.
    Og det blir vel slik fordi me bruka kupongane...
    Eg er lei av det.

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...