mandag 28. desember 2015

Lykke kan kjøpast for pengar ...

 ... på TrådKråa.

Dei siste åra har eg skrive ønskeliste eller kome med direkteønske til dei unge mennene i familien.  I fjor fekk eg Kofteboken 1, og i år kom Kofteboken 2 ut.  Begge bøkene er fulle av flotte kuftemønster! 
Det er vanskeleg å velje!  Denne gongen fall eg for ei jakke med lite mønster på.  Den skal passe til dei nye støvlettane eg kjøpte meg sjølv for julegåvepengar. Støvlettane er litt høge, så eg synest det er fint med ei litt sid jakke til dei.

3 kommentarer:

  1. Går det verkeleg an å kalle bøkene for "Kofteboken" ? Horribelt. "Kofteboka"- er eit mykje betre namn.

    SvarSlett
  2. Einig med Olaug! Vel, kofta di blir nok veldig fin i den brunfargen! Denne kofta er favoritten min frå boka.

    SvarSlett
  3. Noko konservativt namn ja!
    Artig at vi liker det same Hilde! Eg vurderte eit sprekare fargeval, men tenkte at med nøytrale fargar kan ein ha det ein vil inni.

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...