mandag 29. juni 2015

I never promised you a rose garden

 I ei tilbodsavis såg eg at det skulle vere halv pris på roser på Plantasjen.  Eg liker ikkje å tigge gåver, men sidan mannen skulle forbi, let eg det falle eit ord om at det kanskje kunne vere eit godt høve til å kjøpe meg noko til ein dag som nærmar seg.  Eg nemnde kanskje noko om at yndlingsrosa mi heiter Peace også.  I mitt stille sinn tenkte eg at han kanskje ville ha fantasi til å kjøpe to, sidan dei var på halv pris, meiner eg. Og sanneleg greidde han å overraske meg!  Bak i bilen hadde han ikkje mindre enn seks roser!  Og ei av dei var Peace! 
Det har ikkje sprotte ut verken peonar eller roser i hagen enno, berre ei einsleg Rosa Rugosa.

Elles har eg hatt triveleg besøk av to Nordfjordsbloggarar i dag, mi kjekke kusine og tanta hennar. Det er to damen med ekte interesse for handarbeid.  Vi hadde mykje å snakke om.  Svært kjekt at dei tok turen!

6 kommentarer:

  1. Roser er nydelege, og Peace er vakker. Eg har hatt den, men den er vekk no. Den einaste som trufast kjem kvart år er Queen Elizabeth, den er dikkert tretti år. Andre får eg ikkje til ser det ut til.
    Rhododendron er på topp her no, ulikt komne så me får glede av dei lenge.

    SvarSlett
    Svar
    1. Mor mi plar seie at Peace er like skjør som freden.
      Queen Elisabeth får eg ønske meg neste år! Eg har rykte på meg for å like alt kongeleg.

      Slett
  2. Tusen takk for ein kjempekjekk dag!

    SvarSlett
  3. Så kjekt!
    Og gratulere med den dagen du tenkte på då du "bad" om roser :-)

    SvarSlett
    Svar
    1. For mykje av det hode er av og til vedunderleg! Dagen kjem snart!

      Slett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...