Her ligg det an til ei tradisjonell nyttårsfeiring. Menyen er den same som på julaftan: pinnekjøt og Brudevollmôr. Til dessert vert det moltekrem.
Denne veka har vi hatt svært variert ver her. No er omtrent all snøen vekk.
Eg vil ønskje alle som stikk innom bloggen mitt eit riktig godt nytt år!
onsdag 31. desember 2014
tirsdag 30. desember 2014
30. desember
I dag har eg vaska, handla, lese i Mytting si siste bok og gått meg ein tur. No skal eg sette meg ned og sjå noko kjekt på TV medan eg strikkar, eller omvendt.
Til middag i dag kokte eg rett og slett byggrynsgraut. Det gjer godt for kroppen, og så rekk ein å bli svolten til kvelds. Det er godt å få avsetnad på julepålegget.
Mellomstemann har reist på nyttårferie. Eg trudde det var lenge sidan vi var så få som fem på nyttårsaftan, men journalisten minte meg på at han var på jobb i Førde for fire år sidan. Det viktigaste er at alle har det bra der dei er!

mandag 29. desember 2014
Bok 61: Levende og døde i Winsford
Dette er ikkje ein krimroman i vanleg forstand. Men her er drap og skumle ting som skjer.
Som all god litteratur handlar denne også om livet, døden og kjærleiken.
Eg-personen er ei kvinne på 50+ som oppdagar at mannen hennar er ein valdtektsmann, eller i beste fall utru. Ho stenger han inne i ein bunker og rømmer til ein avsides stad i England. Her prøver ho å gøyme seg vekk ...
Romanen er absolutt spennande. Eg hadde ønska meg ein litt annan slutt, sjølv om eg såg han måtte kome ...

søndag 28. desember 2014
Korterma jakke i finull
No har eg endeleg fått jakka mi ferdig. Eg visste det då eg begynte, at dette ville bli eit tomånadersprosjekt. På pinnar 2 1/2 og 3 vert det nokre timar med strikking. Plagget vart strikka etter at eg hadde strikka eit plagg på pinnar nummer 8. Slik er det. Mitt nye prosjekt skulle vere av den kjedelege sorten. Vert prosjektet for interessant, vert det vanskeleg å legge frå seg. Særleg eigna til TV-sjåing vert det heller ikkje.
Den store fordelen med å klippe opp mønstra plagg, er at ein slepp å feste trådane. Eg tek dei fram i midten og syr på kvar side. Då er det berre å klippe vekk alle lause trådar. Kanten strikka eg rundt. Den har belegg. Så måtte eg plukke opp masker til brot. Det var mykje pirkearbeid.
Eg vurderer å finne ei nål eller sette i nokre knappar framme slik at jakka held seg på plass.
Målet var å få jakka ferdig til 1. dag etter ferien. Det rakk eg med god margin. Vi har fri heile denne veka.

lørdag 27. desember 2014
3. juledag
I dag skal vere den store bytedagen. Vi hadde ikkje noko å byte i år. Alle hadde samkøyrt bøker og musikk. Eg hadde nokre garnnøste til overs frå siste strikkeprosjekt som eg leverte inn samtidig som eg kjøpte meg nytt strikketøy. Begge delar vil nok dukke opp på bloggen i næraste framtid.
På heimvegen stakk eg innom Nille. Der var det halv pris på serviettar, og dei er rimelege i utgangspunktet. I say no more.

Strikkebøker
Julegåveønska mine til dei unge mennene i familien, er prega av at eg bruker litt tid inne på eit par facebooksider. Kofteboken har si eiga kufteside der ein har stor interesse for gamle kuftemønster. Strikkesida er facebooksida der ein legg ut alt ein strikkar - og får nye idéar.
Strikkesida si bok har mange ulike prosjekt til både liten og stor. Eg fall for dette settet. Kanskje eg skal strikke det i raudt?
Kufteboka ineheld utruleg mange fine kuftemønster. Dei fleste er ganske tradisjonelle, men ein finn og prosjekt som denne genseren som er fin til ein barnehagegut, kanskje med omvendt fargeval. Kvite brot er ikkje særleg praktisk!
Noko eg ikkje er så glad for, er at mange av oppskriftene er strikka frå halsen og nedover. Det vert spesielt rart når plagga har lus! Samtidig forstår eg argumenta deira. Det er lettare å tilpasse plagga. Eg strikka ei jakke opp-ned i si tid, og då strikka eg så lenge eg hadde tråd. Ein røynd strikkar kan no også berre snu boka opp ned og lese mønsteret nedanfrå ...

fredag 26. desember 2014
2. juledag
Ein koseleg juletradisjon er å samlast hos foreldra mine i Ørsta 2. juledag. Alle jentene var til stades. Dei får representere slekta på bloggen.
Det var mykje god mat og god prat. Ungdomane (i alle aldrar) tok og fram nokre spel. No er vi gode og mette. Dei fotballinteresserte har benka seg framfor fjernsynet. Popcornmaskina har kome i sving allereie!

torsdag 25. desember 2014
1. juledag
I dag har vi kosa oss og styrt med ulike julegåver. Eg skal ikkje legge ut alt eg har fått, men eg kan nok kome attende med nokre bokmeldingar. Observante blogglesarar ser at eg har fått nye dekkebrikker. Dei er fine fargeklattar på bordet.
Det var mannen som kokte i dag og. 1. juledag et vi lutefisk og restar frå julaftan, altså pinnekjøt og môr. Dessertane kan variere. I dag laga eg riskrem.
No har vi begynt på ein boks med sesong 1 av "House of cards". Det lovar bra!

onsdag 24. desember 2014
tirsdag 23. desember 2014
Bok 60: Innsirkling 3
No har eg lese ferdig den siste romanen i trilogien. Det er både fordelar og ulemper med å lese ein heil trilogi i strekk. Og eg er litt delt i synet på romanane. Men at dette er stor litteratur, er det ikkje tvil om.
Sjølve prosjektet synest eg er interessant og spennande. Det å sjå ein person utanfrå og la andre seie kven han er for så å la hans stemme kome fram. Det er det som skjer i siste delen av trilogien. Vi får høyre David skildre seg sjølv. Eg kjenner at eg vert irritert på han og måten han oppfører seg på. Det er sjølvsagt meininga!
Her er og eit par artige vriar på hukommelsestapet og kven han verkeleg er.
Språket i romanane er etter mi meining ikkje godt nok. Han legg seg på eit noko enkelt nynorsk. Norsklæraren i meg får lyst til å skrive: Varier! Skriv om! Opplesarane les nynorsk med bokmålsstemmer. Her får eg og lyst til å rette på uttalen av ein del ord. Eg ville valt trøderar til å lese. Men så tenker ikkje eg på salstal ...

mandag 22. desember 2014
22. desember
I dag vaska vi golv og tørka støv før vi for på ein siste julegåvehandel til Ørsta. Systera mi hadde og nokre årend der, så ho fekk med seg gåvene til sin familie. Dei som er interesserte kan lese og sjå bilde på mor mi sin blogg.
No har eg handla mat, sikkert ikkje for siste gong før jul ...
På bildet ser de ei gåve eg har fått. Wenche Andersen på Frukost-TV snakkar ofte om etande julegåver for dei som "har alt". Ho snakkar om Bondens marked for dei som ikkje vil lage sjølve. Her i distriktet har vi Gode greier. Eg gler meg til å smake!

søndag 21. desember 2014
4. søndag i advent
Tradisjonen tru har mannen og frøkna henta juletre medan eg steiker krumkaker eller strull. I år vart det krumkaker etter oppskrifta som ei venninne av meg kallar "eggenes vekt"; eggedodis av egg og sukker - tilset smelta smør og sikta kveitemjøl, alt med same vekt.
I tillegg prøvde eg ei ny oppskrift på kokosmakronar. Dei vart ikkje vellykka. Eg trur eg steikte dei for dårleg. No har dei lagt på rista, så berre halvparten (av den tredobla oppskrifta) er att. Smaken var det ikkje noko å seie på! Resten skal eg ha ståande i eit glas på benken. Eg satsar på at bevisa forsvinn raskt.
I kveldninga pussa eg koparen. Det er heldigvis eit par dagar att til jul!

lørdag 20. desember 2014
Gåveutveksling
I dag har vi hatt triveleg besøk av svogeren min. Vi fekk utveksla gåver med mannen sin familie. I går kjøpte eg inn mykje godt pålegg som eg serverte til nybakt brød. Han kom så tidleg at det vart frukost for dei som hadde vore på nattcup. I kveld er ungdomane også ute og fer.
Det ligg an til ei tradisjonell julefeiring her i år, og det er eg glad for!

torsdag 18. desember 2014
Ha! Ha!
Denne veka har det vorte dårleg med blogging. Ein får seie grunna høgt tempo og mangel på mobilkamera. Måndagen gjekk med til jobb og julegåvehandel fram til stengetid saman med frøkna. Tysdag var det juleverkstad og møte. På slutten av julemannsteikinga gjekk det nesten rundt for meg.Kan det ha vore ammoniakkgassen? I går gjennomførte vi tidenes juleball, slik vi gjer kvart år. Høgdepunktet for elevbane er kåringane. I stakk eg og av med ein pris. Ein får berre le!
søndag 14. desember 2014
3. søndag i advent
I dag skulle eg tatt bilde frå trimturen min, men lånemobilen er ikkje utstyrt med kamera. Så det får bli eit bilde av middagsbordet i dag og. Inspirert av mi eiga undervisning vart det i dag Rogan Josh med lammekjøt og naanbrød, begge oppskriftene frå den nye kokeboka vår.
Litt meir baking vart det etter middag. Eg steikte først tre grovbrød, så rørte eg saman ei fruktkake, den same som eg plar lage. Kaka skjer eg i ni bitar og pakkar inn i folie og frys. Der var ei liknande oppskrift i førre familien. Eg ser ikkje vekk ifrå at eg kan finne på å bake den også.
Veka som kjem er ei av dei travlaste på jobb med juleverkstad og juleball. Så ein må unne seg å ligge litt på lading søndagen før ...

lørdag 13. desember 2014
13. desember
No har vi nettopp ete lussekattar og drukke varm sjokolade. På jobb har eg laga deigar slik at elevane kunne bake ut lussekattar. I går gjekk nokre lærarar og assistentar rundt i klassene og sang og delte ut lussekattar. Dei som er ven med skulen vår på facebook, kan sjå bilde.
Sjølv hadde eg 75 g safran liggande i krydderskåpet. Det smakar sjølvsagt mykje betre i baksten enn gurkemeie!
Rett før vi sette oss for å ete middag, kom kofferten til studenten på døra.
Det er like koseleg kvart år å ta fram desse grautskålene med seks ulike motiv.

fredag 12. desember 2014
12.desember
I dag kom studenten heim frå hovudstaden etter første semester. Han kom heim, men kofferten har reist ein annan stad. Først tenkte han på genseren eg strikka. Etter kvart vil han sakne linsene sine og brikka til minibanken. Julegåver skal kjøpast på nett. Vi får håpe kofferten snart kjem til rette!
I går var eg på ein liten handlerunde. På Kid fann eg "voksduken" på bildet. Alle julevarer er halv pris dei to siste vekene før jul. Eg føler eg gjer ein skikkeleg dårleg handel dersom eg betaler full pris for varene på enkelte butikkar ...
Ærendet i byen i går var å få levert inn mobilen som har vore heilt daud eit par dagar. Eg er spent på korleis det går.

torsdag 11. desember 2014
Müslibrød
Inspirasjonen til å bake til jul har late vente på seg. I går sjekka eg Opplysningskontoret for brød og korn si nettside og fann nokre rundstykke eg ville bake. Det vil seie, eg kom fram til at det er like kjekt med brød, for då kan ein dele opp i større eller mindre skiver. Deigen laga eg i brødbakemaskina, men ein kan bruke den maskina ein har. Baksten gjekk unna, så julebakst kan det knapt kallast. Men når jula kjem, kan eg bake meir etter kvart!
Eg har endra litt på oppskrifta som de finn her, eg har skifta ut vatn med mjølk og egg. Eg vil og anbvefale litt søtt i dette herlege brødet som ein gjerne kan servere til ost.

1/2 pk gjær
3 dl mjølk, lunken
1 egg
1 ts salt
1 ms honning/sukker?
100 g havregryn
100 g sammalen kveite, grov
300 g kveitemjøl
1 dl graskarkjerner
1/2 pk svisker, i bitar
1/2 pk aprikosar, i bitar
Smuldr gjæren i bakebollen.
Ha i væska og resten av ingrediensane unntatt tørka frukt.
Lat maskina gå i ca 10 minutt medan du deler opp frukta - gjerne med saks.
Lat deigen heve under plast i ca 1 time.
Form brødet.
Etterhev ca 40 minutt.
Steik ved 200 grader ca 1/2 time.
Avkjøl på rist.
onsdag 10. desember 2014
Bok 59: Innsirkling 2
Eg synest denne romanen starta litt tregt. Det vart mykje "utanomsnakk", og personane verka perifere. Men på slutten tek det seg opp. Historia tek ei litt uventa retning - heldigvis!
På slutten er det og ein skukkeleg cliffhanger. Godt eg har trearen liggande!

mandag 8. desember 2014
8. desember: Julekyr
I dag hadde eg såpass mykje energi att etter jobb, kanskje fordi eg berre sat tentamensvakt eit par timar og retta ferdig norskbunkane mine resten av dagen, at eg unnte meg ein handlerunde i Ørsta. der dreiv eg litt hemmeleghandel før eg besøkte foreldra mine.
Julekuforma fekk eg på Coop. Her har den kreative i familien ei utfordring. Eg tenker og på ei bloggvenninne som samlar på kyr!

søndag 7. desember 2014
2. søndag i advent
Då lyset kom att i går, begynte frøkna på julebaksten. I dag har ho halde fram med peparkakehus og "julemanna". Sjølv har eg kome godt i gang med rettinga. Norskbunkane skal verte ferdige før eg får inn engelskbunken. Eg trur eg kan seie at eg er halvvegs. I fjor sat eg i romjula, noko eg vil prøve å unngå i år. Ein av lærarane eg samarbeider med i vurderingsarbeidet, sluttar dessutan til jul. Det gir meg eit ekstra spark bak!
På facebook ser eg at snøen har begynt å kome i indre strøk. Her smelta sluddet etter kvart som det nådde bakken.
Denne veka har vi laga kjøtkaker og riskrem på skulekjøkenet. Det inspirerte meg til å koke byggrynsgraut i går, så kunne eg lage byggrynskrem i dag til dessert. Eg steikte berre kotelettar i dag for å ha noko enkelt midt i rettinga.
Fredag kjem studenten heim frå hovudstaden. Det gler vi oss til!

lørdag 6. desember 2014
6. desember: Straumlaus
Straumen gjekk i halv åtte-tida og kom att eit par timar seinare. Nokre kalla det beste sendetid, sjølv er eg ikkje så redd for å gå glipp av laurdagsunderhaldning. Elles ryktast det at Erna sat mitt i middagen.
Det er vel to år sidan staumen var lenge vekk i jula. Her kom og for han. Andre var straumlause i fleire dagar i strekk. Då kom vi fram til at det som lyser best opp, er flytelys i glasskåler. I slike situasjonar er det greitt at det har dotte nokre lyspakkar ned i handlekorga i løpet av året ...

fredag 5. desember 2014
5. desember
I dag kom det nye kupongar i posten. Då eg skulle ta dei med, oppdaga eg at eg ikkje hadde brukt dei førre. Så i dag slo eg til og brukte fem av dei.
Denne helga har eg to tentamensbunkar i veska. Er eg flink i helga, kan eg ta meir fri når dei unge menn kjem heim, den første i slutten av komande veke.

torsdag 4. desember 2014
4. desember
Det er travle dagar på jobb for tida, både med planlegging og retting. Men litt tid til TV-sjåing og strikking vert det om kveldane. No ser eg snart enden på bolen. Kanskje eg kjem så langt at eg kan ta fram symaskina laurdag! Som de ser skulle det leggast opp ekstra masker i ermopninga. Slik eg forstår mønsteret, skal ein plukke opp masker langs ermet og strikke det nedover. Monteringarbeidet vert ikkje utsett til slutt. Det kan no vere ein fordel.
Slik såg arbeidet ut for fire veker sidan.

onsdag 3. desember 2014
Bok 58: Innsirkling
Som mange blogglesarar veit, har Carl Frode Tiller kome ut med to bøker til "Innsirkling 2" og "Innsirkling 3". Eg begynte på den andre i trilogien, men fann fort ut at eg måtte lese einaren om att.
Skriv ditt liv?
Idéen om å la andre fortelje deg kven du er, eller skape minnet ditt, er interessant. Arvid sine vener og slektningar skriv brev til han. Vi vert gradvis kjend med han gjennom ulike personar som har kvar sin versjon av fortida, eller kvar si vinkling?
Så spørs det om Arvid verkeleg ikkje hugsar noko?
Eg er i gang med "Innsirkling 2"!

tirsdag 2. desember 2014
2. desember: Baby shower
Av alle dei amerikanske skikkane som invaderer landet, må dette vere ein av dei kjekkaste! Bleiekaka laga eg saman med to andre. Oppskrifta fann vi på nett med instruksjonsvideo. Vi laga spleisefest saman med og overraska ho som skal bli mor! No har alle tippa namn, fødselsdato, mål og vekt. Time will tell!
mandag 1. desember 2014
1. desember
Førre veka vart det litt sløvt med blogginga. Vanlegvis lagar det seg noko å skrive om kvar dag. I desember skal eg prøve å kome med ein liten stemningsrapport kvar dag.
I dag talde eg så lenge på knappane om eg skulle ta meg ein bytur, at eg slo det frå meg. Men litt mat måtte eg ha. På veg heim att var det så fin musikk i bilen, og så kom eg plutseleg på at eg skulle kjøpt meg ei minnebrikke. Turen gjekk raskt over Eidet. Det vart det mykje mallwalking og lite shopping.
No skal eg koke meg eit par egg og reinse meg litt ansjos. Det er trass alt desember!
At bildet ikkje vart heilt skarpt, skuldast nok fotografen, ikkje minnebrikka.

Abonner på:
Innlegg (Atom)