søndag 15. desember 2019

3. søndag i advent

 I dag vart det sein middag her.  Olaug kom heim fredag føremiddag medan Audun kom frå Bardufoss i ettermiddag. Håkon opererte kneet sitt torsdag, så han er ikkje mobil.  No håper vi han er ferdig med dei verste smertene!

På menyen i dag stod svineribbe og pavlova. 

Vi har hatt ein diskusjon om brun saus til kjøtkaker på jobb denne veka. Eg ser at elevane har ikkje noko forhold til brun saus laga frå grunnen av.  Eg gjer eit nummer av om noko lyst vert mørkt om ein har vatn i det.  Eg vil og godkjenne bruninga før dei har vatn i.  Andre meiner ein berre kan bruke sukkerkulør. Det er ikkje bra med svidd mat.  Eg bruker sukkerkulør berre til å justere fargen. 

Mange vil nok grøsse når eg seier at eg lagar brun saus og har krafta frå svineribba i han.  Her i huset går det med relativt store mengder av denne sausen til svineribbe. Eg tenker at når gjestene vil ha det, får eg lage det... Det kan høyrest ut som vi et brun saus ofte.  Det gjer vi ikkje!
Eg har allereie tatt i bruk glasa eg kjøpte for nokre av julepengane eg har fått av mor mi. Dei gamle stetteglasa eg har brukt i jula, har begynt å miste glasuren.  Desse er dessutan svært praktiske både å vaske og lagre.  Om eg held fram å blogge i jula, kjem dei nok til å dukke opp att på bloggen.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...