lørdag 28. april 2018

Tilbake

 
 

Dei siste dagane har vore prega av å ta tilbake kvardagen. Hovudet må omstillast på å kome tilbake på jobb. Noko av det eg prøver å lære elevane mine, er at vi ikkje er så spesielle som vi trur.  Vi er ikkje åleine om å tenke å tru som vi gjer.

Med meg har det hopa seg opp rettingsarbeid. Eg har hatt ein bunke engelsktentamenar liggande i veska mi i fleire veker. Mi ventesorg har vore prega av strikking.  Eg har gjort det eg må på jobb, men rettingsarbeid som eg vanlegvis lett gjer heime, har eg fått ein slags aversjon mot. Det har vorte mykje strikking på ettermiddags- og kveldstid. Når ein strikkar, flyg tankane.  Ein får roa nervane litt.

No har Håkon ønska seg ein jegergenser, ein som liknar på dei mormora strikka i kamuflasjefargar til gutane då dei var små. Så har eg sett strek under ønskelista. Eg skal seie ifrå når det er lov å ønske seg strikkeplagg.

Eg hadde eitt ønskje for meg sjølv onsdag etter gravferda, og det var at energien og rettelysta skulle kome tilbake.  Det skjedde omtrent med ein gong.  I dag har eg bretta opp ermane. No har eg berre att å føre karakterane inn i listene mine.

Opp i det heile tenker eg at det siste pappa hadde villa, var at vi skulle gi oss over.  Han hadde alltid høg arbeidsmoral, og det ville han sjølvsagt at vi skulle ha. Eg tenker mykje på han medan eg styrer på.

 
I går vaska vi hus.  Då fordelte eg alle dei fine blomane og plantane rundt på bord og i vindaugskarmar.

I dag køyrde Audun tilbake til hovudstaden.  Han kjem heim allereie til 17. mai.  Einar for til Alta onsdag. Han kjem tilbake om berre eit par veker og.  Olaug, som no har tatt seg eit namn til, nemleg Marie, fekk berre ein dag fri frå tannlegestudiet.

I morgon skal vi på hytta til svigerinne og svoger på 61-årsdagen hennar.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...