tirsdag 24. april 2018

Gravferd



I dag har vi gravlagt far min, Nils Steinar Trovåg. Han døydde på Ørstaheimen onsdag 18 april klokka 18 (i 2018)etter lang tids sjukdom.  Både mor mi, søstera mi og eg var der hos han.

Dagane fram til gravferda har vi brukt til å planlegge og til å vere saman.  Eg har følt meg heilt tom, og eg har nok grudd meg meir enn eg har vore klar over til sjølve gravferda.

Det er tungt å gravlegge sin eigen far. Han har vore svært sjuk, og ingen ønskte han noko lengre liv slik det var.  Vi har mist han gradvis.   Han har kjendt oss att og vore glad for å sjå oss.  Men dei vakne augneblinka har vorte stadig kortare. Sjølv om det var godt for han å sleppe, er det trist når det skjer.

Gravferda i dag vart ei trist, men fin stund.  Dei som talte i kyrkja og på minnestunda, kjende pappa frå ulike stader og tidspunkt i livet.  Vi følte at det vart teikna eit godt og rett bilde av han.

Mor mi vart og takka for bloggen.  Mamma og pappa vart samde om at ho kunne fortelje om sjukdomen hans på bloggen sin.  I fjor då han vart innlagt heile seks gonger og ting endra seg frå dag til dag, var det ein grei måte å oppdatere mange om gongen på. Vi la oss aldri før vi hadde lese bloggen.

Det har vore mange tankar i dag.  Og eg sit eg att med ei kjensle av at pappa ville ha likt si eiga gravferd.

- Takk for alt du har vore for oss -

5 kommentarer:

  1. Eg føle med deg og dine.
    Det er tungt å miste sine nære.
    Vemodig og sårt, men også lettelse når den som er sjuk får sleppe.
    Minna innhentar oss i lang lang tid, dei dukka opp i alle slags situasjonar
    og det er godt.
    Klem frå Anne-Mari

    SvarSlett
  2. Det har nok vore tungt for dokke lenge, og tøft når det er over. Eg minnast Nils som ein smilande og lun mann. Fred over minnet.

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...