lørdag 1. oktober 2016

1. oktober

 Kalenderen viser 1. oktober, og vi kan trygt seie at hausten har kome, sjølv om det visst nok skal skine opp att i morgon.  Det er berre ei veke att til vi får haustferie.
No har vi Voldingane på besøk.  Til middag serverte eg fårikål.  I morgon vert det fjelltur på nokre og kanskje fisking frå land på andre.  Mannen skal delta på eit arrangement i Ulsteinkyrkja.  Eg må sjå kor langt eg kjem med vekeplanlegginga.  Måndag skal elevane få lekseplan for to veker.  Faga må planleggast og planen må utformast.  Dette er arbeid eg har brukt å fare på jobb for å gjere, men no har eg sikra meg tilgang heimanfra.  Det bør vere tidssparane.

Elles har eg fått blogglista mi på plass att.  Av ein eller annan grunn forsvann ho.  Så la eg inn på ei ny, og plutseleg var der to.  Eg håper no at alle som vil vere der, er der.  Eg har ein mistanke om at nokon kan ha uteblitt.  Dei er på ingen måte utestengde.  Eg må berre finne dei att.  Dei som skriv kommentarar, skal eg få lagt inn att!  I framtida vil berre ti bloggar vise, så bloggar som ikkje vert oppdaterte, vil ikkje vise.

Då vil eg ønskje blogglesarane ein fin søndag!

2 kommentarer:

  1. Eg har fått melding på bloggen, fleire gonger, om at blogglista skal forsvinne.

    SvarSlett
  2. Blogglista mi forsvann òg, men inga melding på førehand.

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...