lørdag 17. november 2018

Laurdagskos

Offiseren er heime i helga. Han har lenge vore opptatt med den store NATO-øvinga. Begge brørne hans kom også  på middag til mor i dag. Yngstemann hadde vore på sjøen.  Han hadde med seg dagens fangst; to humrar. Vi kokte dei rett etter middag og åt dei til kvelds. I tillegg  til vanleg tilbehør, surra han kvitløk, chili og ingefær i olje.  Dette brukte vi som smør.  Eg måtte sette all skepsis til side og innrømme at det var friskt og godt!



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...