lørdag 5. november 2016

5. november

I dag vaska eg hus før eg sette nasen mot Ørsta.  Første stopp var i Vik der eg ville ha ein ny I-pod.  det hadde dei ikkje, så no sit eg med ein enkel MP3-spelar.  Då vert det å gå tilbake til Windows media Player.  Folk flest bruker visst I-phonane sine og I-tunes for å høyre lydfiler. Sjølv slit eg på ein Samsungtelefon.

Eg hadde litt god tid før eg hadde avtalt å møte systera mi i Starevegen, så eg tenkte eg kunne stikke innom Kiwi.  Der såg eg foreldra mine lesse varer inn i bilen.  Freistinga vart for stor til å gi meg til kjenne.  Det vart hyggeleg kaffibesøk hos dei. 

Dagens ærend på Amfi var ei ny bestebukse.  Den eg har er for mykje sleng i, synest eg. Den eg likte best hadde dei i alle storleikar, unnateke min.  Så prøvde eg ei anna.  Den var for kort i beina.  Eg fekk høyre at eg har lange bein.  Det har eg ikkje.

Berre eg ser juleutstillingane, får eg lyst å snu.  Butikkane er fulle av ting eg ikkje treng.  Eg forstår at nokre må vere tidleg ute for å få sendt gåver.  men for oss andre er det lurt å vente.  Julevarene kjem på halv pris eit par veker før julaftan.

2 kommentarer:

  1. Det vart lite handel då forstår eg.
    Eg las ferdig boka Brevet til Rosalinn i sekstida i dag morgå.
    Vakna svært tidleg og ville ha med slutten.
    Eg likte boka godt. Den har eit innhald som dreiv meg framover i spenning.
    Tommel opp !!
    God laurdagskveld frå Anne-Mari

    SvarSlett
  2. Takk skal du ha!
    Kjekt synest han!
    God laurdagskveld til dykk og!

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...