For eit par veker sidan såg eg at
Anne-Mari hadde laga eltefrie rundstykke frå
Enklare brød. Det la eg straks planar om å prøve. Først i går kveld rørte eg saman deigen. Eg gjorde ei lita endring, for eg hadde ikkje sammalen rug, fin. Det vart Fibramjøl (sammalen kveite, fin i staden). OK, så juksa eg litt og sette dei på kald plate. Sjå på T
rine sin matblogg for oppskrift og framgangsmåte.
Rundstykka er best nysteikte. Likevel vil eg lage ein større porsjon neste gon slik at brettet vert fullt. Desse passar svært godt i familiar der bakaren står opp ein time før frukostgjestene. Eg ser ikkje vekk at det er slik i nokre heimar ...
Gode rundstykke synest eg, eg brukte sammalt grov rug for eg hadde ikkje fin, Eine barnebarnet kommenterte at dei var grovare enn mamma sine, men åt godt :)
SvarSlettNår me er på hytta har me sein frukost så det passa fint for ei farmor som ikkje orka å lligge så lenge.... Takk for linking :)
Eg har kjøpt boka, men ikkje laga noko frå den enno. Likar å bli ferdig med ting, og eg er ikkje flink å planlegge på lengre sikt. Skal prøve å forbedre meg. Kanskje?
SvarSlett