torsdag 18. juli 2013

Uansett ver - det er alltid noko å gjer'

 Under dette mottoet har eg i dag rima av, vaska og ikkje minst rydda dei to frysarane mine.  Eit anna motto "rydding er meir enn flytting av rot" heldt eg fram med å koke kraft og plommesylte.

Innimellom dette gjekk eg ut i hagen til han som klipte hekk og fekk han til å hjelpe meg med å flytte eit par plantar.  No håper eg Aloharosa vil trivast på sin nye stad.  Ho har stått i skvåjsåkeren der eg "laga" henne frå ei rose eg fekk av ei venninne.
I år har eg berre to skvåsjplantar.  Det vil kanskje vise seg å gi akkurat passeleg avling?

No kjem gjengen heim frå Hødd.  Eg reknar med at humøret er på topp.  Det vert nok kjekt i Kasakstan for han som skal dit.

2 kommentarer:

  1. Takk for helsinga.
    Kor spennande i hagen din.
    Og klart dei var glade som hadde vore på kamp :)
    Det er lett å la seg rive med sjølv om ein sit heime.

    SvarSlett
  2. Eg følgde berre med på Vikebladet si "live oppdatering" frå godstolen, må eg innrømme.

    SvarSlett