Det skjer eit ran i ein gullsmedbutikk der ein tilfeldig forbipasserande vert skoten i etterkant. For snart 25 år sidan forsvinn Mette. No vil mor hennar gjere eit siste forsøk på å finne ut kva som skjedde før det vert for seint til å straffe den skuldige.
Romanen følgjer den vanlege oppskrifta på krim. Hendingar i fortid og framtid heng saman. Varg Veum løyser ei sak for politiet samtidig som han løyser den gamle gåta.
Eg liker den konsentrerte hendinga og komplottet. Etter mi meining er Gunnar Staalesen ein meister i person- og miljøskildringar. Til og med kaffien han får servert rundt om kring, får sitt pass påskrive. Eg kosar meg med språket.
Viss det finst blogglesarar som er skeptiske til lydbøker, begynn med Staalesen. Lass Lindtner hevar bøkene eit nivå. Han meistrar ulike dialektar anten det er Bergensdialekt eller Nordlandsdialekt. Også den typiske rusa sin måte å snakke på tolkar han framifrå.
Eg er ikkje så opptatt av "krimmen" i bøkene til Staalesen.Men når ein får bøkene servert av Lasse Lindtner på øyret må ein berre gi seg ende over.
SvarSlettElles ergrar eg meg gul og blå over filmane der Varg er blitt Oslogut. Fy og fy!
Det burde gå an for ein skodespelar å lære seg Bergensdialekten!
SvarSlettEg las denne boka i påska. Slett ikkje verst.
SvarSlettKanskje eg skal prøve meg på lydbøker. Har slite med å vere ømfintleg for lyd etter ein skade, blir så fort ukonsentrert, men eg bør kanskje prøve....
Eg liker godt å lytte, for då kan eg gjere noko praktisk eller gå ein tur. Då er det lettare å konsentrere seg, synest eg.
SvarSlett