I dag har vi hatt ein varm og fin dag her. Og no grønkar liene og hagane!
Det er ikkje berre ute det har kome seint i gang. Eg sådde nokre skvåsjfrø som spira heller seint, synest eg. Men det plar bli nok svåsj når den tid kjem.
Det er noko med desse vekstane der ein ser skilnad frå dag til dag. Rabarbraen må skunde seg no!
Elles har eg vore så heldig å få vere med 8B på bedriftsbesøk i dag. Dei fleste bedriftene i bygda tek imot skuleklasser. Det er interessant og svært viktig for motivasjon for utdanning. For dei er det viktig å rekruttere, vil eg tru. Sjølv kan eg ikkje hugse å ha vore inne på Grepa i Ørsta til dømes. Der far min jobba, fekk eg sjå meg rundt, så eg har vore inne på konfeksjons- og møbelfabrikkar. Og vi var inne i eit kraftverk.
Ungdomar som skal velje yrke, må vite mest muleg om kva valmulegheiter dei har - og det er ikkje få! I dag vart det og sagt at det dei skal jobbe med, er kanskje ikkje oppfunne.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar