torsdag 21. juni 2012

Sjokolademousse

Til festmiddagen på sommaravlutninga på skulekjøkenet er det sjokolademousse til dessert.  Utfordringa er å få laga den utan at den skil seg.  Eg har endra framgangsmåten i Frå bollar til burritos (blå bok)slik at det skal verte lett å lukkast.  Oppskrifta er skriven for niandeklassingar.

SJOKOLADEMOUSSE

3-4 porsjonar (glas)

2 ms sterk kaffi (2 ms vatn+ ½ ts pulverkaffi)
½ plate kokesjokolade

1 dl kremfløyte
½ ts vaniljesukker

2 egg (NB! Plommer og kvitar skal skiljast!)



1.   Smelt sjokoladen i varm kaffi i vassbad. Avkjøl litt.

2.   Visp kremfløyte og vaniljesukker til luftig krem i ein bolle.

3.   Skil egga.  Ha plommene i ein liten bolle og kvitane i ein mellomstor bolle.

4.   Visp eggekvitane stive i ein bolle.  NB! Rein reiskap.

5.   Rør eggeplommene inn i sjokoladen. Bland dette forsiktig inn i kremen.  Bruk slikkepott.  Vend til slutt inn dei stivpiska eggekvitane.

6.   Fordel moussen i porsjonsglas og set glasa i kjøleskåpet til servering.

1 kommentar:

  1. Tusen takk for linken....nå har jeg lest og lært om rabarbra og den jeg har i hagen er nå skåret ned. Nå gleder jeg meg til neste innhøsting om noen uker.....

    Ønsker deg og dine en flott St.Hans og god ferie.

    SvarSlett