mandag 18. april 2016

Eplekake i foodprosessor

Sidan foodprosessoren min stod på benken i går, fann eg ut at eg kunne lage ei svært enkel eplekake.  Eg meiner det er ei gammal oppskrift frå då Ingrid Espelid var på Fjernsynskjøkkenet.  Eg nytta elles høvet til å sjekke ut om eg kunne bruke ei silikonform utan å smørje henne.  det gjekk heilt fint!


175 g smør
175 g mjøl

 
120 (1 ½ dl) sukker
1 ts bakepulver
2 egg

 
4 eple
2 ms sukker
1 ts kanel

 

  1. Set steikeomnen på 180 g.
  2. Smør og strø ei rund form 24 cm.  Ha gjerne bakepapir i botnen.
  3. Smuldr smør og mjøl i foodprosessoren
  4. Ha i sukker, bakepulver og egg.  Lat maskina gå til du får ei glatt røre.
  5. Ha røra i forma.
  6. Skrell epla og ta ut kjernehuset. 
  7. Skjer dei halve epla i tynne skiver.  Trykk dei halve epla ned i forma.
  8. Strø sukker og kanel over.
  9. Steik kaka i ca 40 minutt på nedste rille.


Servér kaka lunken med krem eller vaniljeis.

2 kommentarer:

  1. SÅG HERLEG UT :-)
    PÅ KURS I BYEN I DAG ÅT VI LUNSJ PÅ SØSTRENE FRYD OG TIL KAFFI FEKK VI EPLEKAKE MED KREM. VART INSPIRERT TIL Å SNART LAGE EPLEKAKE IGJEN.

    SvarSlett
  2. Eplekake er alltid godt, og den kan godt vere enkel, berre der er mykje eple i. Og krem attåt.(Ikkje is).

    SvarSlett