onsdag 30. juli 2014

Gråversdagar

 No har vi hatt eit par dagar med lite sol her hos oss. Det er bra for mi arbeidslyst i alle fall.  Det vert ikkje vaska og styra så mykje når sola skin.  No er frysarar og kjøleskåp reine.  Golva vaska eg i dag.
 Eg tenkte eg kunne briuke nokre bilde frå inngamgspartiet som illustrasjonar i dag.  Det var så mørkt no i åttetida at blitsen slo seg på.
 I år kjøpte eg flest lyslilla og mørkeraude plantar i tillegg til rosa.  På Blåhuset i Ulsteivik er ein blomsterbutikk som er vanskeleg å gå forbi.  Eg har falle for to freistingar siste veka: Rosa astilbar og lyslilla asters.  Staudane skal plantast ut i hagen når dei har blomstra av.
 Denne korga planta eg i sjølv.
Oliventreet frå i fjor har kome med nye, friske blad.  Skal tru om der kjem blomster?

3 kommentarer:

  1. Kjekt å gjere det koseleg på trappa.
    Ha fin kveld :-)

    SvarSlett
  2. Vår trapp vender mot nord og er ikkje overbygd, ikkje så mykje som trivast der.

    SvarSlett
    Svar
    1. De har no eit steidbed ved innkøyrsla...

      Slett