Diskusjonen har gått i heimen: Kva er skilnaden på rundstykke og bollar? Då dei såg kva eg putta i deigen, meinte enkelte at dette var for sunt til å kunne kallast bollar. Men er det sukker i deigen, er det bollar, meiner eg. Inspirasjonen kom frå frukost-TV der Wenche baka etter denne oppskrifta. Ho tok omsyn til allergikarar. Eg har tilpassa mi oppskrift til ei plate med 16 bollar, og eg har spandert både mjølk og egg.
4 dl mjølk, lunken
3/4 dl flytande bremykt (ev. smelta smør)
1 pakke raud gjær
1 egg
1 dl sukker
1 ts kardemomme
3/4 ts salt
1 gulrot, riven
1 eple, i små bitar
1 dl rosiner
2 dl havremjøl
2 dl havregryn
1/2 dl havrekli
9-10 dl kveitemjøl
Framgangsmåte som til vanlege bollar.
Det vart mange ingrediensar å halde greie på, så sjølv om bollane smaka godt, vert det nok eventuelt ein enklare variant.
Vanligvis er vel bollar både søtare og feitare enn rundstykke, men eg har hørt folk kalle rundstykke for bollar-ikkje omvendt. Desse såg veldig gode ut og eg fekk nesten lyst å bake. Men vi har ikkje ete bollane eg baka til jul. Vi treng visst litt besøk.
SvarSlettEgg fekk berre ei klage: At eg forminska oppskrifta!
SvarSlettHerlege VM-bollar dette!
SvarSlett;-) Eg, ja ...
SvarSlettEg får liksom ikkje heilt taket på bollar, har vore uheldig dei siste gongane. Jaja, skam på den som gir seg. Dei "mislykka" kjem i Sunnmørsposten i fastelavenshelga.
SvarSlettDet skal no noko til at dei vert heilt mislykka, kjenner eg deg rett!
SvarSlett