lørdag 25. mars 2017

Laurdagshandel

Eg plar som regel ta meg ein tur "nedover" om laurdagane, i dag ikkje noko unntak. For nokre dagar sidan fekk eg mail frå Nille med spørsmål om kvifor eg ikkje hadde handla hos dei på ei stund.  I meiningsmålinga eg dermed deltok i svarte eg, som sant var at eg ikkje hadde hatt bruk for noko.  ærendet mitt i dag var eit par pakkar med tusjar til brødposane til elevane.  men så viste det seg at eg hadde bruk for litt forskjellig.

Serviettane er med påske- og vårmotiv. I påska håper vi på mange hyggelege måltid!

Potta med Chilifrø og mold kjøpte eg for å ha det litt morosamt. Framhald kan følgje ...

onsdag 22. mars 2017

Saragenser

Då eg var på strikkekafé i vinterferien, kjøpte eg boka Bystrikk og garn til Saragenseren.  Frøkna hadde sett den på Instagram i desse fargane.  Eigentleg liker eg å halde på med berre eitt prosjekt om gongen, men eg måtte vente på garn til ermane på den andre genseren.  Og då eg først var i gang med Saragenser på pinnar 5,5, ja, så gjekk det heller fort.  No har eg levert genseren til kjærasten slik at han tek den med seg til Bergen på fredag.

Der er mykje fint og lettstrikka i denne boka.  Men eg er ikkje samd med forfattaren at det er lettare med oppskrifter som "fell 22 masker på denne omgangen" enn å strikke etter diagram - om de forstår kva eg meiner.

mandag 13. mars 2017

Bok 12: Arv og miljø


At ingen av dere på noe tidspunkt har spurt meg om min historie, har jeg opplevd og opplever jeg som en stor sorg..
Det er Bergljot, den eldste datteren i familien, som formulerer seg slik i en mail til sine søstre, etter at det har pågått en heftig diskusjon om forskudd på arv.
Kjernen i arveoppgjøret er fordelingen av to sommerhytter som ligger ved siden av hverandre på Hvaler i Østfold. Et barndomssted, som alle har et forhold til.
To døtre har tatt seg av stedet og foreldrene i mange år. De skal arve hyttene. Men så er det altså to barn til, som delvis har brutt med familien. Hvorfor melder de seg nå på i arvetvisten?
Under samtalen om arv løper en annen beretning, som setter voldsomme krefter i sving. Bergljot erfarer at det skal mot til for å uttrykke sin versjon av familiehistorien. Men bare gjennom å ta sine egne opplevelser på alvor og å prøve å sette ord på dem, er det mulig å komme videre.


Denne romanen anbefaler eg sterkt! Den har mange lag og sider.  I arveoppgjeret kjem det fram at fire søsken kan ha ein svært ulik oppvekst.  Lag på lag vert familehistoria avdekt.  For Bergljot er det verst at ingen vil høyre og tru på hennar opplevingar Den incesten ho har opplevd vert forteia og fornekta.  

Kor nær denne romanen ligg til livet til forfattaren har vore eit heitt tema.  Det er berre å gjere eit google-søk, så finn ein mykje stoff om dette.



Bok 11: Svin


Ett siste ran, men alt går fryktelig galt. Carl-Johan Vallgren fører oss igjen inn i Stockholms underverden. 

Jorma Hedlund har trukket seg tilbake. Det er slutt på det kriminelle livet. Men tipset om verditransporten er for godt. Ett siste ran, så får det være nok. Men snart er Jorma en jaget mann. 

Samtidig forsøker Danny Katz å finne ut hva som har skjedd med sin tidligere venn, narkodealeren Ramón, og hans kjæreste Jenny. Katz er selv tidligere misbruker, og suget etter heroin river og sliter i ham. Hvordan fikk Ramón plutselig tilgang til så mye stoff? Og hvem er egentlig Jenny? Sporene fører Danny Katz til Stockholms pornobransje og deretter i en retning han aldri kunne forutse. Bare én ting er sikkert: Noen vil hindre ham i å finne sannheten. 

«Svin» er den andre boken om Danny Katz og en frittstående fortsettelse av den kritikerroste «Skyggegutten» (2014).


Då eg starta å lese denne romanen, var ikkje forventningane så høge.  Og dei innfridde.  Som lydbok vart den noko forvirrande.  Det vart vanskeleg å finne ein raud tråd.  Heilt OK underhaldning, men ikkje noko meir.

mandag 6. mars 2017

Haukelikofte

Det er sjeldan eg vert lei av strikkeplagg undervegs. Denne kofta tæra på tolmodet, ikkje minst fordi då eg skulle ha kome opp under armane, verka ho altfor kort. Dermed strikka eg ein heil mønsterrapport ektra.  Sjølve mønsteret er temmeleg krevande.  I tillegg dreiv eg og endra på fellingane. Ei helg eg var halvsjuk, kom eg meg over ein bøyg. Så lei var eg til slutt, at eg ville gi vekk heile kofta.
 
Men så fekk eg montert plagget og sett i knappar. No har eg omtrent flytta inn i kofta.
Om nokon lurer, så er garnet Finull.  Knappane bestilte eg på Sandnesgarn, for eg orka inga leiterunde.  Eg synest det er fint når knappane har mønster som "matchar".
 
NB! Det er sjeldan eg skriv bevisst feil.  Observante lesarar veit kanskje at det heiter kufte på nynorsk.  Det seier ein i Nordfjord, men ikkje her på Sunnmøre.

søndag 5. mars 2017

Testing av komfyr: Varmluft

 I dag har her vore nydeleg ver.  Eg bestemte meg for å sette ein gjærdeig før eg gjekk rundt vatnet.  Eg hadde bestemt meg for å prøve varmluftfunksjonen på den nye steikeomnen.  Allereie i 1987 fekk eg meg varmluftomn.  Eg hugsar han kosta 4400 kr.  Omnen virka i over 20 år.  Men han vart lite brukt på varmluft.  Til det steikte han for ujamnt.
 I dag trilla eg ut 32 rundstykke.  neste gong skal eg lage større deig.  Så var det fram med bruksanvisninga.

På turen møtte eg ei god venninne.  Ho fortalde at ho alltid les bruksanvisninga nøye når ho har fått seg noko nytt. det er mykje av gleda ved nye ting!  Sjølv les eg berre nok til å få tingen til å virke.  Så får ein ta det litt etter kvart, er min filosofi...
 Eg heva rundstykka nokre minutt ekstra. Eg sette omnen på 160 grader. Det viste seg å vere noko lågt.
 Dei vart noko lyse, men svært jamnt steikte.  Ein kan ikkje sjå skilnad på kva plate - eller kvar på plata - dei har stått.  desse vert fine å ta opp frå frysaren og steike ein gong vi har besøk.
Etter tips frå venninna mi sette eg og middagen i omnen. Også her steikte eg i to høgder på varmluft, berre for å prøve. Ein annan gong kan eg bruke dei store platene til fleire enn to.

No har eg vore eit par timar på jobb for å lage arbeidsplan.  Tidlegare på dagen har eg retta ei engelskprøve, så no skal eg kose meg med godt samvit!
Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...