onsdag 31. juli 2013

Kristinehamn

 Byen si stoltheit er Picassostatuen.

 Triveleg gamleby.



mandag 29. juli 2013

søndag 28. juli 2013

On the road again

Ingen ferie utan biltur. I dag forlet vi skodda heime. Allereie i Ulsteinvik såg vi sola. Neste solglimt var i Nordfjord. Vi køyrde Kvivsvegen. Den er flott, og flottare vert han ut på hausten.



lørdag 27. juli 2013

Snigleliv

 Den morosamaste gåva eg har fått i sommar, er denne keramikksnigelen.  Givaren såg han då han var på ferie og tenkte på meg med ein gong!

I fjor åt sniglane opp mykje av det eg prøvde å dyrke.  Eg kjøpte dei siste dråpane av middelet Hagelaget sel.   I vår kjøpte eg dei første. Den einaste avlivingsmetoden eg har brukt etter det, er saks. Set ein ut ølfeller drep ein boasnigelen som det vert hevda gjer liten skade, for han et daude plantar. I tillegg trivst ikkje iberiasnigelen der det er boasnigel.  Boasniglane jagar vekk iberiasnigelen, har eg høyrt. (På Wikipedia skriv dei ikkje så positivt om boasnigelen ...)

Kva som gjer det, veit eg ikkje. Men i år finn eg omtrent ikkje iberiasniglar i hagen.
Boasniglane derimot ser ut til å trivast og formeire seg ...

fredag 26. juli 2013

Bok 36: Tvekampen

Eg vart litt forvirra då eg begynte å lese denne romanen.  Var det ikkje siste boka til Indridason likevel?  Eg kjende ikkje att etterforskaren.  Forklaringa fekk eg etter kvart.

Hendingane er lagt til sjakkmeisterskapen på Island i 1972.  Ein filminteressert gut som tek opp lyden på filmane han ser, vert knivstukken og drepen under ei framsyning. Har hendinga noko med den kalde krigen å gjere.

Vi får og livshistoria til etterforskaren Marion Briem.  Mor hennar var einsleg mor til ho døde.  Marion sjølv vart smitta av tuberkulose.  Vi får lære ein del om behandlinga av denne sjukdomen. For meg er det sterkare kost enn drap ...

Mordgåta vert løyst.  Til slutt helser Marion på ein ung mann, Erlendur Sveinsson.

Eg forstår godt at bøkene til Indridason er populære.  Det er god underhaldning.

torsdag 25. juli 2013

Lyst brød med fennikel

Ein kveld eg skulle lage fiskesuppe, fann eg ut at eg ville bake eit brød til.  Eg fann eit brød med fennikel i den nye brødboka mi. Blogglesarane skal få ei enkel oppskrift.  Eg vog ingrediensane.  Deigen vart ganske laus.  Det er lurt å bake i olivenolje i staden for mjøl, synest eg.  Det vert mindre klissete, skorpa vert god, og det er godt for hendene.Eg knuste frøa i urtehakkaren til stavmiksaren. 
Der er relativt mykje gjær i oppskrifta, synest eg.  Har ein god til, bruker ein mindre.
450 g kveitemjøl
1 ms sukker
1 ts fennikelfrø, knuste (spar litt til toppen)
1 ts salt (+ litt til toppen - der brukte eg grovt)
10 g tørrgjær
30 g smelta smør (eg brukte flytande bremykt)

ev. eggekvite til pensling


1, Veg opp ingrediensane i ein bakebolle.  Lat maskina kna deigen godt.
2. Dekk deigen med plast eller lok og lat han heve til dobbel storleik, ca 1 time.
3. Form brødet.  Trykk deigen flat og rull det saman viss du ikkje vil ha det i form.
4. Set omenen på 220 grader og lat brødet heve 40 minutt.
5. Skjer i brødet på langs. Pensle med eggekvite og dryss på fennikelfrø og salt.
Kjøkenet mitt var så varmt, så det heva rikeleg. 
6. Steik brødet 20 minutt, slå ned varmen til 180 og steik  det i 10 minutt til.
Brødet var svært luftig - og nydeleg på smak! Ein annan gong doblar eg oppskrifta!

onsdag 24. juli 2013

Når sola går ned i vest - eller kunsten å late seg

Vi har ikkje sett mykje til sola etter at vi kom heim frå Italia.  Så når ho kjem, er det berre ein ting å gjere, nemleg å få flest muleg timar ute. Eg har som mål å gjere minst muleg.  Det vert laga enkel mat, men litt hagearbeid er kjekt i varmen. Midt på dag fann eg ut att stovegardinene hadde hatt godt av ein runde i vaksemaskina. Mot kvelden har eg vaska eine stoveveggen, den med vindauga på. 

Osloavisene har snakka om den beste sommaren på lenge.  Det har vore ei hån mot oss i nordvest - men kanskje ikkje likevel? Vi kan håpe på ei veke eller to til med sol og varme ...

"Ungane" fer i kvar si retning.  Ein jobbar dag, og ein jobbar kveld.  Journalisten var av dei som fekk visum.  Han er trygt framme i Aktobe. Ein får tru at all PR er god PR.  Hødd held vel tann for tunge til dei kjem heim

I hagen er det litt stillstand no. Peonane visnar medan rosene ikkje har kome enno.  Dei mest hardføre har overlevd, og merkeleg nok er potterosene av dei.


tirsdag 23. juli 2013

Bok 35: Sandmannen

Dette er den fjerde boka med kriminaletterforskar Joona Linna. Bøkene bør lesast i rett rekkefølgje, for i førre roman kom det frampeik om familien til Joona Linna. Han har frivilleg gitt opp kontakta med dei for å berge livet deira.  Det vart arrangert ei trafikkulykke og gravferder.  Seriemordaren Walter Jurek er dømd til livsvarig psykiatrisk behandling og total isolasjon.  Så dukkar eitt av offera hans opp i live med legionærsykje.  Walter Jurek må ha kommunisert med verda.  Kva skjer? Politikvinna Saga legg seg inn på avdelinga.  Legen der er ung og ny.

Kva har skjedd med dei andre offera?  Vil Joona Linna få familien sin attende? Kven overlever?

Det er berre ein ting å seie: Dette er eventyr for vaksne.  Ein vert dradd inn i handlinga, og det er svært vanskeleg å legge romanen frå seg.  Etter mi meining er dette den beste av dei fire bøkene.  Når eg seier eventyr, så er det for at dette er ei historie som ikkje er særleg nær verkelegheita. Ein må tole nokre drap. Men thrillerern er godt oppbygd, og ein vert riven med.  Oppklaringa er logisk, og så er der ein cliffhanger som gjer at vi vil lese neste roman, helst med ein gong.

Og så kom eg på at eg ikkje har sett filmen Hypnotisøren enno ...

Romanane til ekteparet Alexander Ahndoril og Alexandra Coelho Ahndoril under pseudonymet Lars Kepler:
  • Hypnotisøren
  • Paganinikontrakten
  • Ildvitnet
  • Sandmannen

mandag 22. juli 2013

Bakepulverbrød med sitronskal

I går let eg meg inspirere av den nye kokeboka mi.  Brødet såg enkelt og godt ut. Eigentleg skal det bakast med bygg, men eg gjorde det enkelt og brukte vanleg kveitemjøl.  No når ein får kjøpt økologiske sitronar i butikken, har eg alltid det i kjøleskåpet. Då kan ein trygt bruke skalet. På bildet, men ikkje i oppskrifta, er det linfrø i brødet.  Eg valde å bruke graskarkjernar.  Dei er grøne og fine til gult - og smakar godt.  No veit eg ikkje kor feit fløten "sigle cream" er, så eg blanda H-mjølk og kremfløyte.

Familien likte godt brødet, og dei seier eg må bake det igjen. Ver merksam på at brødet er relativt salt, og at der er rikeleg med sitronskal.  NB! Bruk berre det gule skalet, for det kvite smakar beiskt.

Fordelen med bakepulverbakst er at du lagar deigen medan omnen vert varm, og så har du brød på 20-30 minutt.
230 g mjøl (eg brukte sikta kveite, men det står bygg i oppskrifta)
1 ts salt
2 ts bakepulver
30 g smelta smør (eller mjukt smør)
180 g fløytemjølk
finrive skal av 1 sitron

1. Set omnen på 200 grader.
2. Rør saman ingrediensane, ikkje lenger en nødvendig, i ei kjøkenmaskin.
3. Legg litt olivenolje på benken til å bake ut i. Form brødet i åtte bitar som til scones. Eg bruker deigskrapa til å skjere med og prikkar med ein gaffel.
4. Steik brødet midt i omnen i 18 minutt (pass på!)
Brødet passar til supper, gryterettat eller berre til ein ost.


søndag 21. juli 2013

Italienske brød

 Blogglesarane trudde kanskje eg hadde vore på ein ferie utan å kjøpe kjøkenhandduk eller kokebok? Sjølvsagt ikkje!  Handduken viser brødsortar som vert baka i dei ulike distrikta.  Dagen etter at eg hadde kjøpt ein til meg sjølv, gjekk eg attende og kjøpte ein til den brødbakeinteresserte venninna mi.  No har vi begge ei utfordring!

Kanskje nokon som les bloggen veit?
Kokeboka er skriven for eit engelsk publikum.  Ein kan til dømes lese at det er vanskeleg å få tak i fersk gjær. Det kan ein finne på helsekostbutikkar!  Skal tru om "fast action dry yeast" er lik den tørrgjæren vi kjøper her i landet?

Og så var det kveitemjølet: Strong white flour skal innehalde ekstra gluten.  Tilsvarer det norsk kveitemjøl eller finbakst?  "00" flour.  I Italia graderer ein mjølet etter kor fint det er "00" er det finaste og skal brukast til  pasta og kaker.  Plain flour skal ikkje brukast til brød, men til kaker, for det inneheld lite gluten.  Self-raising flour ser ein ofte i engelske og australske kokebøker.  Å blande bakepulver i mjøl, det greier ein vel sjølv! Om nokon har baka i England eller Italia så er eg glad for kommentarar!

Eg tenkjer at kunsten er å ikkje la seg stoppe om det er ein ingrediens ein manglar.  Boka inneheld mange spennande brød, kaker, pizza og pasta.  Framhald vil følgje ...
Desse brøda kjøpte eg i brøddisken på supermarknaden.  Seinare kjøpte eg halve kjempestore brød.  Etter fire morgonar med italiensk hotellfrukost, var det godt å kunne finne sine eigne favorittar.  Eg vil aldri klage på maten.  Får eg varme wienerbrød og søt kaffi til frukost, så et og drikk eg det.  Ein får skikk følgje eller land fly.
Det eg misunner italienarane mest, er fruktdiskane! I Ostia såg vi fleire grønsakbutikkar med eit stort utval i frukt og grønsaker. Kirsebærtomatane var dei søtaste eg nokon gong har smakt.

lørdag 20. juli 2013

Trist dag

I dag er bygda råka av ei stor sorg.  To unge menn har mista livet i ei trafikkulykke.

Vi har fått informasjonen gradvis i dag.  Eg reknar med at aller mødrer og fedrar gjer som meg; søker kontakt med sine.  Journalisten var observert på veg mot ulykkestaden.  Eg fekk sendt han ei melding, og det viste seg at han var på jobb, slik eg trudde. Så veit ein at to familiar ikkje får svar.

Eg kjenner til omtrent alle unge menn i bygda, og sannsynet for at det var tidlegare elevar av meg, er stort. Det har vist seg å vere rett. No går tankane til foreldre og søsken. Ord vert fattige når tragedien rammar. Dette er berre så ufatteleg trist.

fredag 19. juli 2013

Bok 34: Fortsatt savnet

Frå coveret: 
Den dagen eiendomsmegleren Annie O'Sullivan blir bortført, har hun tre mål: å selge et hus, å glemme en krangel hun nettopp har hatt med moren, og å komme tidsnok til middagsavtalen med sin tålmodige kjæreste. Visningen går tregt, men da en mann dukker opp idet hun er i ferd med å låse seg ut, tror Annie at det kanskje kan bli en fin dag likevel. Men ingenting er lengre fra sannheten. For i stedet begynner et mareritt med daglige fysiske og psykiske overgrep i en hytte langt inne i fjellet. Gjennom samtalene med psykiateren får vi gradvis vite hva som skjedde før Annie greide å rømme. Vi følger hennes kamp for å stable tilværelsen på bena igjen. Men mens politiets forsøker å avdekke kidnapperens identitet, dukker det opp en uhyggelig følelse av at faren langt fra er over.

Denne romanen hadde eg lånt og levert attende på biblioteket.  Då eg starta å lytte, visste eg ikkje kva sjanger det var, men syntest det teikna til å bli ein roman om å kome attende til eit normalt liv etter ei bortføring.  Etter kvart utviklar det seg meir til ein krimroman.  På bokkilden ser eg no at det er ein thriller.  Eg likte første delen av boka best.  Oppklaringa hadde eg ikkje heilt sansen for. Ein vert lett riven med i romanen.  Hadde eg trilla terning, ville romanen fått fire.


torsdag 18. juli 2013

Uansett ver - det er alltid noko å gjer'

 Under dette mottoet har eg i dag rima av, vaska og ikkje minst rydda dei to frysarane mine.  Eit anna motto "rydding er meir enn flytting av rot" heldt eg fram med å koke kraft og plommesylte.

Innimellom dette gjekk eg ut i hagen til han som klipte hekk og fekk han til å hjelpe meg med å flytte eit par plantar.  No håper eg Aloharosa vil trivast på sin nye stad.  Ho har stått i skvåjsåkeren der eg "laga" henne frå ei rose eg fekk av ei venninne.
I år har eg berre to skvåsjplantar.  Det vil kanskje vise seg å gi akkurat passeleg avling?

No kjem gjengen heim frå Hødd.  Eg reknar med at humøret er på topp.  Det vert nok kjekt i Kasakstan for han som skal dit.

onsdag 17. juli 2013

Presangar

 Ein hyggeleg konsekvens av å fylle rundt år, er alle gåvene. Eg har fått blomster, gåver, pengar, gåvekort og kaker.
 Dei som kjøpte dette, hadde kanskje fått med seg at juvelane mine ligg litt tilfeldig plassert rundt i huset?  Perleøyredobbar ønska eg meg, for eg oppdaga at eg ikkje hadde øyredobbar som høvde til perlesmykket mitt.
 I skrinet låg det noko eg først trudde var ei lommebok.  Men det er eit reisesmykkeskrin. Det hadde eg aldri høyrt om før!

Når eg skal på utanlandstur, eller det kan vere berre ein tur til hovudstaden, er eg forsiktig med å ha med meg verdisaker.  Når eg kjem fram, tenkjer eg ofte at det hadde no vore greitt med nokre enkle smykke og ikkje minst - øyredobbar. No kan eg ha dette liggande ferdigpakka.
Elles er det kjekt å få gåver med ei lita utfordring.  Dette er ein del av ein "gresk pakke". Det ligg an til "gresk aften".

Det kan hende eg kjem med fleire avsløringar seinare ...

tirsdag 16. juli 2013

16. juli

I dag vert det berre ein snartur innom bloggverda.  Vi ventar besøk av svoger og svigerinne.  Dei har køyrt frå Trondheim i dag.  Middagen er utsett til kvelds i dag.  Eg serverer traust norsk mat: Svinesteik.

(Peonane lever enno, men buketten er litt stor til bordpynt.  Det er greitt å sjå den ein snakkar med.)

mandag 15. juli 2013

Kaffi og kofter

 I dag hadde eg besøk av ei god venninne til kaffi.
 Ho hadde med seg gåve.  Ei bok eg har set i hobbykluben, men ikkje teke meg råd til å kjøpe.
 Der er mønster på 17 ulike kofter.  Nokre har V-hal, andre rund hals eller krage,
 Alle mønstera er i fargar.
 I tillegg til generelle tips og råd, finn ein tips om korleis ein kan designe si eiga kofte.

 Eg har sansen for detaljerte tips.
Det er alltid noko nytt å lære.  Eg gjer ting slik eg gjorde det for 30 år sidan...

Koftene er i ulike garntypar, men alle med strikkefastheit 26.  Hverdags, som eg har god erfaring med, kan fint brukast.

Det eg ikkje likte så godt, men eg forstår det er enklare for den som skal lage mønster, er at kvar del skal strikkast for seg.  For meg er det uaktuelt å strikke ei heil kofte med mønster fram og tilbake.  Eg tek heller monteringsjobben.

No har eg fått noko å spekulere på: Kva for ei kofte skal eg strikke?

søndag 14. juli 2013

14. juli

 Fordelen med å vere vekkreist på dagen, er at ein kan feire når ein vil. I dag passa det godt, for bror med familie er i Ørsta. 14. juli er deira bryllaupsdag, mormora min sin fødselsdag, systera mi sin dåpsdag og dessutan kronprinsessan Victoria sin fødslesdag og den franske nasjonaldagen.
 Eg dekka to bord.  Vi var 18 til middag og 20 til kaffi.  Ein hadde vore i bryllaup og ei på jobb.  Til middag hadde eg kokt ei stor panne kjøtsuppe. Dei store serviettane eg hadde tenkt å bruke, passa ikkje til suppetallerkar, så det vart desse, også dei med peonar.
 Når alle er samla, får ein nytte høvet til å ta bilde.  Her er alle nieser og nevøar på mi side saman med borna våre.  Foreldra mine har elleve barnebarn.
Og så insisterte eg på eit bilde saman med foreldre og søsken.  
Om nokon treng hjelp til å knyte eit slips, er dette rette mannen å spørre.  Han kan over 20 ulike knutar.  Denne passar kanskje best til partybruk, for eksempel når den eldste tanta vert 50?

Takk til alle gjester som gjorde dette til ein kjekk dag!

lørdag 13. juli 2013

Bok 33: Skyggerom

Dette er den andre romanen med Anton Brekke som etterforskar.  Eg las Tysteren for to år sidan og likte han godt.

I Skyggerom skjer det drap i Noreg med forgreiningar i Litauen.  Det er tema som narkotikahandel og menneskehandel.  Scenene er sterke, også for meg.  I etterordet seier forfattaren at han ikkje tok med det verste han fekk høyre då han dreiv research, for då ville ikkje det verka truverdig.  Miljøa er nok knalltøffe.

Privat held Anton Brekke seg vekk frå pokerspel.  Kona har funne seg ein rik  sambuar som har tent sine eigne pengar i finansverda.  Han prøver så godt han kan å mislike han.

Jan-Erik Fjell krydrar språket med ein god porsjon sarkasmar og ironi, noko eg har sansen for. Les gjerne denne meldinga.  Eg ser at berre Jo Nesbø sel fleire krimromanar enn Jan-Erik Fjell.  Det kan ein forstå.  Kven som er best, får vere ei smaksak.

fredag 12. juli 2013

Gammaldagse roser

 Dei gammaldagse rosene i hagen blomstrar berre ein gong, men då er det også rikeleg med roser.
 Dei blomstrar på fjorårsskot, så ein må ikkje klippe dei ned om våren.
 Det gjer at dei vert litt uryddige og passar kanskje best i ein hage som ikkje er for strigla?
 Eg høyrde nokon kalle peonane for bonderoser.  Ikkje eit vondt ord om bønder - kven er ikkje av bondeslekt? Men herregardsroser høyrer kanskje finare ut? Peonane blomstrar også berre ein gong, og det på den finaste tida av året.
Honningknoppurt sår seg overalt i hagen.  Eg røskar dei vekk der eg ikkje vil ha dei.  Humlene er svært glade i denne planten.  Det er kanskje ein grunn til å behalde han?
Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...